|
Jfr. Innkalling og invitasjon til ”arbeidsmøte” rundt strategi-
og handlingsplanen.
Som styremedlem i skøytegruppa i Gol IL og leiar av skøytekretsen
sitt rekrutteringsutval tillet eg meg å kome med
nokre merknader/ innspel, i det eg/ vi er forhindra frå å delta på
møtet i dag. Eg gjere merksam på at innspela er ”personlege” og
ikkje gjennomarbeidde internt, berre nemnt på NM-møte i skøytegruppa
denne veka.
1. Trur det er positivt av NSF slik arbeidet med
strategiplanen vert lagt opp. Det gjev rom for aktiv deltaking på
grasrota, og det er dels opp til ”oss sjølve” å ta tak i dette og
gjere ”heimeleksa vår”, og vi er fleire som kan stillast til ansvar
når det stormar.
2. Meininga med strategimøtet er truleg å gå meir
i djupna og verte konkrete og utfyllande til visjon og hovedmåla.
Delvis ligg det føre meir utfyllande tekst til visjon/ hovedmål.
Mykje av det syns eg verkar bra. Men sett isolert meiner eg det er
grunn til å stille spørsmål både ved visjonen og ved hovedmåla
Til visjonen: om små og store mestrar.
Korleis harmonerer dette med overordna samfunnsmål som folkehelse og
friskliv som er sterkt fokusert i dagens og morgondagens samfunn. Er
den gamle visjonen ”Gøy på isen for alle”, kfr. Buskerud
skøytekrets, utgått på dato eller er det ein betre visjon også for
NSF?
Korleis vil NSF sin sterkare fokus på mestrar
virke i høve til bevilgande myndigheter ?
”Små og store” kan gje mange refleksjonar:
Sportsleg og organisatorisk oppgåvefordeling og samhandling på alle
plan mellom NSF – region/ krets- klubb vil truleg vere svært viktig
for å oppfylle visjonen (og hovudmåla).
Dei 4 grunnpilarane:
Eg er samd i at dette er viktige pilarar og suksessfaktorar. Men eg
saknar formuleringar som set mål og målbare resultat. I tillegg
meiner eg at NSF saman med kretsar/ klubbar bør drøfte ein 5. viktig
pilar:
Arrangement/ stemne/ arrangørar. Eg viser til NSF sitt NM- møte og
drøftinga der den 15. d.m.. Her synest ligge mange spørsmål og tema
som er viktige for skøytesporten langt ut over planhorisonten 2011,
men som nett opp av den grunn bør settast på dagsorden no. Korleis
skapar VI i fellesskap gode rammeføresetnader for framtidige NM og
LM arrangement og som gjere det attraktivt for klubbar/ kretsar å ta
på seg oppgåva med å arrangere NM/ LM? NSF har det overordna
ansvaret, men er avhengig av kretsar/ klubbar for gjennomføringa. Vi
er igjen avhengig av næringslivet, økonomiske rammeføresetnader. Her
er TV og media overmåte sentrale. Konkurransen om arrangementa er
vel ikkje for stor?
Grunnpilar 1: Sportsleg aktivitet – ”Vi vil ha
motiverte utøvere”
Spørsmål: Har vi ikkje motiverte utøvarar i dag?
Eg antar det nett opp var motiverte valg som topputøvarane våre både
innanfor og utanfor forbundsgruppa tok sist vår? Og alle er vi VI!
Skal grunnpilaren gje meining må vi kunne måle dette.
Forslag: reformulerast til: ”Vi vil ha flere motiverte utøvere”. Kan
målast i lisensar/ antal deltakarar på stemne, etc.
Grunnpilar 2: Anlegg – ” Vi vil ha et sted/ en
arena der utøvere kun (kan?) utøve idrett”
Dette må reformulerast: stryk et sted/ en arena og skriv: Vi vil ha
flere anlegg for utøving av skøyteidrett. Målet må vere: Vi treng
nye anlegg, og vi treng nye klubbar, men vi treng også ta vare på
dei anlegga/ klubbane vi har i dag. Det er vel heller ikkje noko i
tida som tilseier noko anna. Slik grunnpilaren no er formulert kan
ein i Gol og andre stader spørje seg om vi er ”stedet/ arenaen” som
NSF vil støtte/ satse på? Dersom det er temaet nasjonalanlegg som
ligg i grunnpilar om anlegg, så må det i tilfelle gå klart fram.
Grunnpilar 3: Kompetanse
Truleg er leiarane våre i dag også kompetente. Utfordringa for NSF-
krets/ klubb er truleg å få fleire kompetente personar også av di vi
treng rekruttering, kfr. aldersutvikling/ fråfall etc. Framlegg:
knytt til ordet fleire. Det gjev meining og det kan målast.
Grunnpilar 4: Økonomi
Visjonen er ”små og store mestre”, mens målet for økonomi er
aktivitet.
Grunnpilar 5: Arrangement/ arrangørar. (Nytt
framlegg, sjå ovanfor)Framlegg: Vi vil ha fleire attraktive stemne/
arrangement og interesserte arrangørar.
Her er nokre spørsmål/ handlingspunkt, kfr. NM –
drøfting 15.9:
- Korleis skape økonomiske resultat av arrangement?
- Korleis kan VI saman gjere NM/ LM interessant for sponsorar,
publikum og TV?
- Idrettsarrangement som kulturarrangement- forholdet til
meirverdiavgift
Målet må vere å få rammevilkår som gjere det enklare for frivillege
lag og organisasjonar. Kfr. kulturdep./ finansdep. igangsett arbeid
om fritak for mva på visse kulturarrangement (datagathering i
Vikingskipet i sommar).
Eg sit elles med slik inntrykk: For å nå visjonen
må absolutt alle organisatoriske ledd og enheter (inkludert
individ-nivå) tenke heilhet og samhandling.
|